Yr design, Jorunn Ygre Rogne

YR design
Jorunn Ygre Rogne
Christine Strays vei 9
3610 Kongsberg
Buskerud
Org. Nr. 989806750

www.yrdesign.no

Mob. 920 18 853
jorunn@yrdesign.no

https://www.facebook.com/jorunnyr

 

 

 

 

This slideshow requires JavaScript.

Vegvalget

Eg hadde så mykje uskapt, så difor vart det leire på heiltid frå hausten 2006. Eg sa opp lærarstillinga mi etter 26 år i grunnskulen i Kongsberg.
I 2001 fekk eg Solsikkeprisen som beste utstillar på Kjerringtorget i Nesbyen. Dette vart eit vedepunkt for meg. Det var ein kjempeinspirasjon – folk sette pris på produkta mine – ideane byrja å bobla for alvor – dagane vart for korte – og eg tenkte: «seinare vert det ofte for seint». Eg måtte ta eit vegvalg.

Bakgrunn/utdanning

Eg er vossejente – født i 1954, men har budd på Kongsberg mesteparten av mitt vaksne liv.
2 år på Voss husflidskule etter artium
3 år almenlærarskule på Notodden
1 år vidareutdanning i tre/metall på Notodden
26 år som lærar i grunnskulen på Kongsberg
(21 år av dei som faglærar i kunst og handverk i ungdomsskulen og 15 år som øvingslærar for studentar på faglærarlinja i Kunst og Handverk)
Sjølvlært keramikar
Som keramikar er eg sjølvlært. Eg vart fortapt i materialet som 17-åring. Opp gjennom åra har eg eksperimentert, prøva og feila, og lært mykje om det utrulege materialet.
«Kreativitet er å finne opp, å eksperimentere, å vokse, ta sjanse, bryte regler, gjøre feil og ha det gøy».  M. L. Cook

Eg jobbar no med steingodsleire og spektrumfargar(smeltebegitning). Eg byggjer gjenstandane eller brukar former, og legg stor vekt på heilskapen mellom form og dekor. Skravureffekten har blitt mitt varemerke, og eg jobbar mykje med overflata. Blanke og matte flater mot kvarandre skapar spenning.

Det at folk set pris på produkta mine inspirerer meg storleg.
«Å skape uten å gi det videre, er like meningsløst som å tale uten at noen hører på».  Anne Grete Preus
Eg har verkstaden heime, men har foreløbig ikkje noko utsalg her.
Produkta mine er å finne på  Galleri Ågodt , Sandeid.

Medlem av BIRKA og Norske Keramikere

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s